United Future Lab Norway
United Future Lab Norway er ein del av FNs implementeringsprogram for smarte og berekraftige samfunn – United for Smart and Sustainable Cities implementation program.Framtidslaben fungerer som eit partnarskap av aktørar frå offentleg sektor, akademia og næringsliv som saman ønsker å få fart på berekraftig utvikling. Med utgangspunkt i FN si berekraftsmåling, peikar lab og partnarar ut satsingsområde og prosjekt som kan bidra til dette. Gjennom medlemskapet i U4SSC ip er framtidslaben i Ålesund ein del av eit globalt nettverk der byar i verda drar vekslar på kvarandres kunnskap og styrkar for å finne berekraftige og smarte løysingar. |
||
Framtidslaben er etablert og drifta av Ålesund kommune, men er avhengig av partnarane sine bidrag definert i partnaravtalar.United Future Lab Norway hadde offisiell opning 7. november 2019. Framtidslaben i Ålesund er den andre laben i verda som er opna i samarbeid med FN.Ålesund kommune driv framtidslaben saman med partnarar som er med i drifta anten økonomisk eller gjennom andre bidrag.www.unitedfuturelab.no |